bakgrunn

lørdag 30. juni 2012

I dag har eg rydda i garnlageret mitt, og eg må no berre sei at det var meir eller mindre ein durabelig sjokkopplevelse.

Eg har så mykje garn at det er nesten ei skam....

Eg har no ikkje sett kor mykje det har vore sidan det har vore plasert litt her og litt der, men no tok eg og drog alt fram sånn at eg kunne få ei oversikt, noke eg ikkje skulle ha gjort....

Her må eg berre begynne i ein ende og strikke meg utover...

No skal det strikkast sjal , votta , hue , ragga, tovatøfle, skolesta ( Ein slags tøfle ), enda meir sjal , pluss diverse anna strikk...

Eg skal IKKJE ,og eg meinar IKKJE kjøpe noke meir tråd før eg skal på Strikk i Ørska i september, og til og med der er det ein smule tvil om eg skal kjøpe so fryktelig mykje...

No sitte eg no her med gangen full med garn, og enda har eg ikkje dratt ned i gangen alt eg har....

 Lure no berre  på kvar eg skal oppbevare "småbarna ", sånn at eg ikkej gløyme at eg har dei ..

Eg må i alle fall finne på noke lurt :-)


Det er no ikkej noke med at eg har ein uhorveleg mengde med garn, eg fant også ut at eg har ein urmasse med UFOa,
fleire av dei nesten ferdige..
Må no berre ta i eit tak og strikke som ein helt no framover,


sånn at noke av det blir ferdig i alle fall