bakgrunn

onsdag 4. november 2009

LENGE SIDEN SIST

Har vore noke sløve her inne siste månadane,
men det er noko eg har tenkt å rette opp på no.
På handarbeidsfronten har det stått alt anna enn stilt med meg siste tida, eg har hoppa på alle nye prosjekt eg har komt over.
Ting som eg aldri hadde trudd at eg skulle klart å lage,
ja det har eg trylla fram med strikkepinnane mine ...

Har laga verdens finaste nissar,
ikkje sånne vanlige nissar , men is/snø n
issar.


Dessutan har eg begynt på eit sånt Tina Solheim sjal,
mykje arbeid, men kjempekjekt å halde på med.
Har hatt lyst til å prøve meg på eit sånt sjal lenge,
men syntes at det såg så avansert ut,
så det vart ikkje til at eg begynte på det.
Må no berre sei det,
det har ikkje vore berre berre å finne tak i tråd som skulle brukast til ditta sjalet.
Masse forskjellige sortar tråd man må ha,
tråd som det i alle fall ikkje var det enklaste å finne tak i her i bygda.
Etter mykje leiting både her og der,
fant eg ut at man tager den tråden man haver,
og den man kan finne tak i.
Hadde tenkt å strikke eit rødt sjal ,
men rødt er ein farge som nesten ikkje finst i garnlageret mitt,
så det vart kvitt eller ofwhite i staden.
Hadde no litt tråd , så eg fekk no i alle fall begynt på det,
men eg måtte no gå på leiting i tådbutikkane her i ørsta også.
Fant masse flotte tråd,
så eg endte opp med eit heilt nett med diverse garnsortar.

Har nettopp åpna ny trådbutikk her i Ørsta,
noko som er kjempekjekt.
Masse flott tråd,
noko som verken lommeboka eller visaen min har godt av.
Kjeme no heim att med noko nytt kvar gong eg har meg ei runde bort i sentrum,
om eg trenge det eller ikkje er fullstendig likegyldig,
eg må berre ha..