bakgrunn

mandag 19. desember 2011

Julepynting

No er det tid for julepynting her i huset,
og i år har eg bestemt meg for at eg ikkje orkar å ta fram alle nissane mine.
I år blir det masse lysfat , med ein masse pynt ,
glitter og stas


Til og med potteskjularane mine blir pynta i år,
eg synest at det er så kjekt å pynte,
så det e rlett for at det blir ein smule " over the top "
her hos meg,
men pytt sann det er no jul, og da kan man overdrive litt


Her er det lysfat og dill og dall i alle varianta,
er no så koselig å holde på med pyntinga ,



Alle andre år har eg pynta spisestua mi i kvitt med innslag av sølv,
men i år vart det både kvitt, sølv og rødt.
Rett og slett koselig vart det,
synest no eg i alle fall .


På andre stova mi går det i gull , glitter og stas.
Her inne har eg lysfat på kvar ei ledige flate,
trur rett og slett at man kan kalle meg lysoman i disse jule tider..
Stearin lys lika eg no alltid, men no i jula er det ingen hemninga..


Det er lys over alt..





Kjøpte meg nytt bilde til å ha på veggen på stova også,
var så lei av det eg hadde fra før.
Dette fant eg på euro pris for ein billig penge.
Eg skal lage meg ei kraftige ramme til å ha på dette bildet,
men eg må liksom finne ut korleis den skal sjå ut først.


Vart ein smule pynta inne på TV- stova også.
Der inne går det for det meste i svart og grått,
så her passa det å bruke masse røde ting for å bryte opp litt .


Desse bileta har eg laga av tapetrestar ,
og nokre hyller som eg hadde liggande .
Satt her ein kveld , og hadde så lyst til å pynte litt på stove.
Sidan alle butikkar var stengde for lengst,
 ja da måtte eg berre leite litt rundt i huset for å sjå om eg fant noke eg kunne bruke.
Vart fornøygde med desse bilete.
Lampen måtte sjølvsagt også stilast opp litt.
Den var heilt kvite og kjedelige i utgangspunktet,
så eg fant fram nokre serviettar som eg reiv opp i bitar, 
og begynte å lime på.
Tok si tid, men vart fornøygde med den også .




Sjølvsagt måtte eg ut for å pynte litt der også,
nokre lykter og litt lys på "juletreet " gjer susen .

No er det berre juletreet som mangla,
 da er eg klar for jula her i huset .