bakgrunn

lørdag 28. mars 2009

Ein sovande laurdag

Etter ei longe nattevakt,
fant eg ut at eg ville slappe av litt før eg begynte på den nye dagen.
vart nesten for mykje avslapping på meg,
la meg klokka 0900 og stod ikkje opp att før klokka 1600
men godt gjorde det...
Når eg vakna att fant eg ut at eg ville inn på nettet og surfe litt i bloggeverdenen,
nokre dagar sidan sist no ;-)
Første bloggen eg datt innom var Synnøves blog,
der fant eg ein link inn til Sols blog...
Nyskjerrig som eg er ,
måtte eg sjølvsagt innom og sjå på den bloggen også.
Sol kunne fortelle at ho hadde laga påskepakkar ,
med tråd og strikkepinnar i butikken sin,
og at ein av desse pakkane ville ho gi vekk til ein av gjestane på bloggen sin.
Noko så spennande da ;-)
No er eg ikkje ein av dei som vinne noko særleg,
men eg skreiv no inn ein liten komentar likevel eg,
da er eg no i alle fall med ;-)
Her er forresten link til butikken hennar Garnkurven ,
Skal definitivt innom her og handle seinare,
sida ho selge favoritttråden min for tida Opal garn .

torsdag 26. mars 2009

nattevakt

Har vore på nattevakt i natt,
etter nesten 4 veker med ferie er det jammen godt å begynne på igjen...
Fekk no tida til å hekle litt også,
sånn inn i mellom øktene...
Kjøpte meg sånn fin tråd når eg var i Oslo,
og det var den eg måtte begynne på i natt..
Klarte rett og slett ikkje å vente lenger ;-)
Begynte på eit nytt sjal, og det blei jammen ferdig også.
Skal legge ut bilde litt seinare

tirsdag 24. mars 2009

Vognteppe




Har fått eit ærefullt oppdrag av Marlen i dag,
nemmelig å hekle vognteppe til babyen som kjem snart.
Marlen har vore og kjøpt tråd i dag,
og Lars suste bort med den sånn at eg kunne begynne å hekle.
Marlen har leita ganske så mykje på nette ,
for å finne eit vognteppe som ho likte,
ikkje få side ho har vore innom trur eg ;-)


Til slutt så falt ho for eit pledd som var laga av bestemors rute,
ganske så enkelt å hekle,
men du store kor mykje tråda det blir å feste....
Er berre ein ting å gjere no i alle fall,
og det er å hekle som ein helt ,
sånn at eg blir ferdige før babyen bestemme seg for å kome.

Englemaska

I går var eg på Åse og skulle ta nokre prøve.
Sida eg har vore der nokre gonga ,
og veit at tida kan bli fryktelig longe mens man sitte der og venta,
tok eg med meg ei veske full av halvferdige handarbeid...

Valgets kvaler når eg da satt der og venta,
klarte ikkje heilt å bestemme meg for
kva for eit eg skulle ta.
Til slutt falt valget på eit sjal hekla i englemaska,
som eg hadde begyn
t på dagen før

Vart veldig fornøygde med sjalet ,
sjølv om eg ikkje hekla kant med perler sånn som det stod i mønstra.
Dessverre så kjem fargane ikkje skikkelig fram på bildet,
men man får i alle fall ein liten peikepinne om kor det ser ut .

søndag 22. mars 2009

Singing in the rain


Regna en smule her i dag ,men pytt sann kva gjer det,
er no berre godt med litt regn.
Er i alle fall godt å kome inn att etter ein god tur ute i regnet.
I dag skal eg fram på Åmåsen og ete middag med systa,
ho skal servere fårikål,
gjett om eg gleda meg da :-)

Skal ha med meg strikket mitt fram sjølvsagt,
det er eit absolutt must..
Hadde store plana om å strikke eit par med babysokka,
kvar dag fram til desember..
pga makrame og armband laginger ,
eg rett og slett litt i bakleksa med den planen..
Får berre ta meg sjølv i nakken og strikke 2 par i dag da ;-)

Fugl Føniks



Må no skrive nokre ord her om kor kjekt eg hadde det saman med ho Ella på fredag.
Veldig lenge sida Ella og eg har hatt oss ein slyngedag i lag,
så derfor vart denne dagen berre enda meir verdifull ;-)

Begynte dagen med litt sånn små slynging borte på Europris,
brukte looonge tid der inne...
Deretter so var det ein tur bort på Jysk,
der vart det prøvesitting og ligging av alt som kunne liggast og sittast i...
Etter all ligginga og sittinga var vi no ganske so slitne begge to,
(er no utrulig kor det teke på å sitte og ligge,)
so da fant vi ut at vi måtte på kafe..

Traska oss bort på Fugl Føniks,
Ella og eg lika oss kjempegodt der borte...
Ein plass der man virkelig kan slappe av og nyte livet,
ikkje noke stress når ein er der nei, da skal ein ha god tid ;-)
Satt der lenge og koste oss med god mat og drikke,
mens vi høyrde på kor folk kosa seg rundt oss;-)

Etter besøket på kaffi baren var det berre å fortsetet slyngerunda vår,
trur vi besøkte alle butikkane i Ørsta,
berre sånn for å ha gjort det .
Siste butikken varGlitter på Amfi,
da var både Ella og eg så slitne at vu fant ut at det beste var å traske oss heim att.
Vi orka rett og slett ikkje meir butikk gåing den dagen.
Koselig hadde vi hatt det begge to,
så eg håpa at det ikkje blir så alt for lenge til neste gong vi skal på slyng,
Ella og eg .