bakgrunn

onsdag 4. november 2009

LENGE SIDEN SIST

Har vore noke sløve her inne siste månadane,
men det er noko eg har tenkt å rette opp på no.
På handarbeidsfronten har det stått alt anna enn stilt med meg siste tida, eg har hoppa på alle nye prosjekt eg har komt over.
Ting som eg aldri hadde trudd at eg skulle klart å lage,
ja det har eg trylla fram med strikkepinnane mine ...

Har laga verdens finaste nissar,
ikkje sånne vanlige nissar , men is/snø n
issar.


Dessutan har eg begynt på eit sånt Tina Solheim sjal,
mykje arbeid, men kjempekjekt å halde på med.
Har hatt lyst til å prøve meg på eit sånt sjal lenge,
men syntes at det såg så avansert ut,
så det vart ikkje til at eg begynte på det.
Må no berre sei det,
det har ikkje vore berre berre å finne tak i tråd som skulle brukast til ditta sjalet.
Masse forskjellige sortar tråd man må ha,
tråd som det i alle fall ikkje var det enklaste å finne tak i her i bygda.
Etter mykje leiting både her og der,
fant eg ut at man tager den tråden man haver,
og den man kan finne tak i.
Hadde tenkt å strikke eit rødt sjal ,
men rødt er ein farge som nesten ikkje finst i garnlageret mitt,
så det vart kvitt eller ofwhite i staden.
Hadde no litt tråd , så eg fekk no i alle fall begynt på det,
men eg måtte no gå på leiting i tådbutikkane her i ørsta også.
Fant masse flotte tråd,
så eg endte opp med eit heilt nett med diverse garnsortar.

Har nettopp åpna ny trådbutikk her i Ørsta,
noko som er kjempekjekt.
Masse flott tråd,
noko som verken lommeboka eller visaen min har godt av.
Kjeme no heim att med noko nytt kvar gong eg har meg ei runde bort i sentrum,
om eg trenge det eller ikkje er fullstendig likegyldig,
eg må berre ha..

tirsdag 14. april 2009

Vognteppe til Marlen 2

Ja no er da påska over for denne gongen,og bra er no det,
godt å kome tilbake til kvardagen ;-)
Har hatt ei fine påske, med mykje kos både heime og på jobben ..
Ikkje blitt så mykje handarbeid,
men en ting har eg no i alle fall fått ferdig,
og det er vogntepet til Marlen.
Vart rett og slett nydelig , om eg no skal få sagt det sjølv...
Fargane var heilt nydelige i lag, dei valgte Marlen sjølv,
så ditta kan ho ;-)
Dessverre så har eg ikkje fått laga dokkevognteppe,
hadde rett og slett ikkje nok tråd.
Har brukt Senja tråd fra Nille,
så det er berre å hive seg rundt og komme seg bort og kjøpe meir;-)

mandag 6. april 2009

vognteppe til Marlen


Begynte på vognteppen til Marlen den 24.03,
og var i grunnen ganske så fornøud med framgangen.
Heklinga gikk som ein leik,
lapp etter lapp vart hekla sammen,
kunne no ikkje bli bedre ditte her syntes eg.

Men folkens,
eg skal love dokke at det kunne vore mykje bedre...
Satt no her og beundra arbeidet mitt da, syntes at det var noke so
m ikkje stemte ,
men slo det fra meg og fortsatte å hekle...
Plutselig slo det meg kva det var som var gale,
alle saumane på teppene var no på framsida..
Sidan eg festa og hekla i hop etter kvart som eg hekla,
var ditta her i grunnen ei lita skandale....
Var berre ein ting å gjere,
og det var å leite etter enda både her og der,
og rekke opp igjen....
No her eg snart ferdig med teppene att,

og gjett om eg har passa på saumane denne gongen ...




Diplom til Eirin




Etter å ha lest bloggen til Eirin i går,
vart eg storligen imponert over henne,
så eg bestemte meg for at ho virkelig
fortente å få eit diplom.
Hadde vel ikkje regna med noke anna når det gjelde henne,
så sta som ho er

lørdag 4. april 2009


Har vore litt på jakt etter sånn søte påske kanine,
når eg først begynte å finne nokre,
ja da var det ikkje måte på kor mykje eg skulle finne..
Bestemte meg for å legge ut kanin bilde heile påska,
minst 1 kvar dag..

Har forresten tatt bilde av ein fine gensar eg har strikka...



Denne her var i brunt,
men eg sitte og venta på tråd ,
sånn at eg kan strikke den i kvitt også..
Kvitt med blått eller lilla mønste
r,
trur det skal bl
i fint .

.

Utmerkelse og påske...

Halloen alle sammen...
No kom jammen påska i år igjen.
og som vanlig så kom den alt for fort i år også...
Er no aldri klare til disse høgtiden når dei kjeme eg da,
venta alltid i det lengste
med å gjere klart alt ...

Fekk forresten ei skikkelig hyggelige melding fra Eirin i gjesteboka mi her eine dagen,
ho hadde gitt meg ein utmerkelse,
skulle berre gå inn på sida hennar og hente den...
Så treig som eg ahr vore i det siste ,
så har det no tatt si
tid å hente den..
Men no skal den kome på plass på sida mi...
Tenk det folkens,
min aller først
e utmerkelse....
TUSEN TAKK
EIRIN...

Dette stod da i utmerkelsen min da,
best å utføre og gjere som det står der:


The lemonade award is given to sites witch the giver
show either great attutude and or gratitude.
The rules for these awards are :
1.Put the logo on your blog.
2.Add a link to the person who award you.
3.Nominate 10 other blogs
4.add links to those blogs on yours blog.
5.Leave a message for your nominees on their blogs

Sida eg ikkje kjenne 10 stykke som laga blogg,
må eg tenke litt på dinna utmerkelsen der,
men skal ordne det so fort som mogeleg .

lørdag 28. mars 2009

Ein sovande laurdag

Etter ei longe nattevakt,
fant eg ut at eg ville slappe av litt før eg begynte på den nye dagen.
vart nesten for mykje avslapping på meg,
la meg klokka 0900 og stod ikkje opp att før klokka 1600
men godt gjorde det...
Når eg vakna att fant eg ut at eg ville inn på nettet og surfe litt i bloggeverdenen,
nokre dagar sidan sist no ;-)
Første bloggen eg datt innom var Synnøves blog,
der fant eg ein link inn til Sols blog...
Nyskjerrig som eg er ,
måtte eg sjølvsagt innom og sjå på den bloggen også.
Sol kunne fortelle at ho hadde laga påskepakkar ,
med tråd og strikkepinnar i butikken sin,
og at ein av desse pakkane ville ho gi vekk til ein av gjestane på bloggen sin.
Noko så spennande da ;-)
No er eg ikkje ein av dei som vinne noko særleg,
men eg skreiv no inn ein liten komentar likevel eg,
da er eg no i alle fall med ;-)
Her er forresten link til butikken hennar Garnkurven ,
Skal definitivt innom her og handle seinare,
sida ho selge favoritttråden min for tida Opal garn .

torsdag 26. mars 2009

nattevakt

Har vore på nattevakt i natt,
etter nesten 4 veker med ferie er det jammen godt å begynne på igjen...
Fekk no tida til å hekle litt også,
sånn inn i mellom øktene...
Kjøpte meg sånn fin tråd når eg var i Oslo,
og det var den eg måtte begynne på i natt..
Klarte rett og slett ikkje å vente lenger ;-)
Begynte på eit nytt sjal, og det blei jammen ferdig også.
Skal legge ut bilde litt seinare

tirsdag 24. mars 2009

Vognteppe




Har fått eit ærefullt oppdrag av Marlen i dag,
nemmelig å hekle vognteppe til babyen som kjem snart.
Marlen har vore og kjøpt tråd i dag,
og Lars suste bort med den sånn at eg kunne begynne å hekle.
Marlen har leita ganske så mykje på nette ,
for å finne eit vognteppe som ho likte,
ikkje få side ho har vore innom trur eg ;-)


Til slutt så falt ho for eit pledd som var laga av bestemors rute,
ganske så enkelt å hekle,
men du store kor mykje tråda det blir å feste....
Er berre ein ting å gjere no i alle fall,
og det er å hekle som ein helt ,
sånn at eg blir ferdige før babyen bestemme seg for å kome.

Englemaska

I går var eg på Åse og skulle ta nokre prøve.
Sida eg har vore der nokre gonga ,
og veit at tida kan bli fryktelig longe mens man sitte der og venta,
tok eg med meg ei veske full av halvferdige handarbeid...

Valgets kvaler når eg da satt der og venta,
klarte ikkje heilt å bestemme meg for
kva for eit eg skulle ta.
Til slutt falt valget på eit sjal hekla i englemaska,
som eg hadde begyn
t på dagen før

Vart veldig fornøygde med sjalet ,
sjølv om eg ikkje hekla kant med perler sånn som det stod i mønstra.
Dessverre så kjem fargane ikkje skikkelig fram på bildet,
men man får i alle fall ein liten peikepinne om kor det ser ut .

søndag 22. mars 2009

Singing in the rain


Regna en smule her i dag ,men pytt sann kva gjer det,
er no berre godt med litt regn.
Er i alle fall godt å kome inn att etter ein god tur ute i regnet.
I dag skal eg fram på Åmåsen og ete middag med systa,
ho skal servere fårikål,
gjett om eg gleda meg da :-)

Skal ha med meg strikket mitt fram sjølvsagt,
det er eit absolutt must..
Hadde store plana om å strikke eit par med babysokka,
kvar dag fram til desember..
pga makrame og armband laginger ,
eg rett og slett litt i bakleksa med den planen..
Får berre ta meg sjølv i nakken og strikke 2 par i dag da ;-)

Fugl Føniks



Må no skrive nokre ord her om kor kjekt eg hadde det saman med ho Ella på fredag.
Veldig lenge sida Ella og eg har hatt oss ein slyngedag i lag,
så derfor vart denne dagen berre enda meir verdifull ;-)

Begynte dagen med litt sånn små slynging borte på Europris,
brukte looonge tid der inne...
Deretter so var det ein tur bort på Jysk,
der vart det prøvesitting og ligging av alt som kunne liggast og sittast i...
Etter all ligginga og sittinga var vi no ganske so slitne begge to,
(er no utrulig kor det teke på å sitte og ligge,)
so da fant vi ut at vi måtte på kafe..

Traska oss bort på Fugl Føniks,
Ella og eg lika oss kjempegodt der borte...
Ein plass der man virkelig kan slappe av og nyte livet,
ikkje noke stress når ein er der nei, da skal ein ha god tid ;-)
Satt der lenge og koste oss med god mat og drikke,
mens vi høyrde på kor folk kosa seg rundt oss;-)

Etter besøket på kaffi baren var det berre å fortsetet slyngerunda vår,
trur vi besøkte alle butikkane i Ørsta,
berre sånn for å ha gjort det .
Siste butikken varGlitter på Amfi,
da var både Ella og eg så slitne at vu fant ut at det beste var å traske oss heim att.
Vi orka rett og slett ikkje meir butikk gåing den dagen.
Koselig hadde vi hatt det begge to,
så eg håpa at det ikkje blir så alt for lenge til neste gong vi skal på slyng,
Ella og eg .





lørdag 21. mars 2009

Makrame

Ja no har da laurdags kvelden komt ,
og her i i huset har vi ete pizza og kosa oss litt.
Ellers så har dagen her i huset vore ganske så stille og rolig,
Ella og eg har sete her ved kjøkkenbordet og knytt makrame,
kosa oss med det begge to..
Etter eit ganske så fatalt forsøk på å knyte eit armband,
har eg no begyn
t å få litt meir styr på knytinga ;-)

Har blitt nokre armband i går og i dag,
og til å vere første forsøk ,
så er eg ganske så fornøyd med det eg har fått til ;-)

Etter Pizza etinga var det to stykke som ville kose seg ;-)
Valdemar var veldig fornøygde ovet at Ella ville kjembe han;-)
Veldig gode venna disse to her;-)


Heime att..

Er no koma heim att fra Oslo ,
hadde eit heilt fortreffelig opphold der.
Vart ein del handarbeid,
noko som er vanskelig å unngå når systa og eg er i lag...

Fekk alldeles dilla på å strikke koppe tvåge, strikka opp til den store gullmedalje..
Vart kluta i all verdens farga,
så heretter skal det ikkje bli kjedelig å vaske benka og bord her heime hos meg i alle fall ;-)

lørdag 14. mars 2009

monterte babysokka

Måtte nesten inn att her i kveld,
har fått så mykje peppar fra mi kjære syste...
Ho meina at eg ikkje kan legge ut bilde av umonterte babysokka,
høyre rett og slett ikkje no
ken plass heime sei ho...
Så for å glede systa,
tok eg og monterte sokkane
og tok bilde a
v dei

Tok også bilde av nokre av sokkane som ho hadde laga,
dei var nemmelig hakket søtare enn mine. ;-)


Nye prosjekt på gang



Hadde ein strålande dag her i Tigerstaden i går,
slappa av til den store gullmedalja.
Vart ikkje så veldig mykje gjort på handarbeidsfronten i går, men fekk no alltids tid til litt strikking sånn inn i mellom all pratinga og fliringa ;-)

Men som dokke ser så fekk eg da tid til 2 par med babysokka,
syntes at dei var søte at eg må strikke nokre par av dei .
Begynte også på eit nytt par med kattesokka,
ikkje dei vakraste fargane eg fant , mene man tager hva man haver midt på natta .

Har aldri strikka sånne lesta før ,
så eg er litt spent på kor dei verte sjåandes ut.

fredag 13. mars 2009

Oslo tur...

Ja så kom eg meg no endelig til Oslo da,
etter
mykje om og men.
Tok nattbussen fra Ørsta i går kveld klokka 2055,
og var framme her i Oslo klokka 0650 i dag tidlig.

Tok no fram strikket mitt med ein gong eg satte meg på bussen,
måtte no prøve den nye tråden eg hadde kjøpt.
Og eg må no berre sei det ,
eg vart i alle fall alt anna enn skuffa over den.
Skal i alle fall kjøpe meir av den tråden ved ei seinare anledning.
Klaret nesten å strikke eit par med lesta før eg la meg til å sove for natta

I dag tidlig
når eg vakna på bussen ,
begynte eg å lure på om eg var riktig vel bevart som hadde reist til Oslo.
I Ørsta er det no vår,
mens her i Oslo er
det full vinter enda

Ja rett og slett ufyselig var det å gå ut av bussen når den stoppa.

Meir sokke garn ;-)


Eine dagen når eg satt her på nettet,
fant eg ut at eg så absolutt trengte meir
sokkegarn.
Hadde no so lite av det fra før så det var absolutt på tide å fylle opp ;-)
Leita no litt rundt på nette for å finne akkurat den tråden eg ville ha..
Egentlig så hadde eg bestemt meg for kva eg ville ha,
men så var det no å finne rette plassen å kjøpe den på..
Etter mykje om og men kom eg no inn på ei side som heitte
Markno
eit eldorado for dei som lika å strikke sokka.

Satt lenge og drøymde meg vekk inne på den sida ,
men fant no ut kva eg skulle ha til slutt ,
så da var det berre å bestille,
og komme seg ut av sida att fortast råd,
før eg blakka meg heilt.




torsdag 12. mars 2009

kosedag


Nokre daga sida eg har vært inne her no,
men det er ikje fordi at det har skjedd så lite..
Har vel heller skjedd så mykje at eg har vekkprioritert heile bloggen .
På Torsdag for nøyaktig ei veke sida,
hadde eg ein super dag saman med Marlen og Nathalie.
Koste oss med å gå på kafe`, tok bilde,
og traska litt rundt i gatene.

Kjempekoselig å traske rundt saman med dissa to ,
Nathalie er ei super blide jente,men på slutten av dagen begynte ho å bli litt leide.
Ville aller helst heim att og slappe av der,
noke ho da sjølvsagt fått lov til ;-)




torsdag 5. mars 2009

Strikking av hue

Her eine kvelden når eg dreiv og surfa rundt ,
tok eg meg ein tur innon Monai sin Blogg.
Mykje fint inne på den sida,
men det eg likte aller best var ei kjempeflotte hue.
I går kveld fant eg ut at no var det på tide å
strikke dinna hua,
Heldigvis så hadde så var det link til mønster inne
på sida til Monai,
så det var bare å hive seg rundt.
Orka ikkje å begynne å koble til s
krivaren,
så eg drog med meg pcen inn på tv stova og satt
e i gong.

Gikk kjempefort å strikke,
så i løpet av nokre episode av CSI,
satt eg der med ei hue som eg var god
t fornøyd med.
Tusen takk til Lilleblå ,

for at hun har vørt så snill å dele mønster med oss her på nette










mandag 2. mars 2009

Ludvig til dyrelegen



ja så var da dagen komt da eg skulle til dyrlegen med Ludvig,

voldsomt til styr før vi kom oss avgårde her.
Heldigvis så hadde eg den eldste tanteungen min her til å hjelpe meg..
Trur rett og slett at Ludvig forstod kva det var som skulle skje i dag,
når eg tok han opp og skulle ha han inn i transportburet,
ja da var han ikkje verre på det enn at han satte klørne sine rett ned i brystkassa mi..
Vondt var det, og ikkje bare bare å få han laus att.
Når vi endelig hadde fått pusen på plass i buret ,
ja da roet den seg med en gang og ble som ett lam ;-)


Måtte sjølvsagt vege katten når vi kom til dyrlegen,

fant fort ut at det ikkje var noken 4 kilos katt vi hadde med å gjere...
Nåla på vekta stoppa på nok så nøyaktig 6.5 kg,
altså en nok så kraftig kar .
Fort gjort å gi bedøvelse,
og så var det bare for meg å gå litt i butikka til Ludvig var ferdig.
dyrlegen skulle ringe til meg når han var feerdig..

Holdt på å dåne når eg skulle hente pusen,
var ikkje måte på kor skamklipt han var heller..
Hadde ikkje tatt all pelsen, berre sidene og under buken.
Så det var en heller motvillig pønker eg tok med meg heim att,
med ein voldsomt flotte hanekam


Besøk i de små nattetimer



Var innom
Muffins verden ein liten visitt no her i natt,
jammen bra at eg ikkje skal på jobb i morga tidli,
eller ut på dagen for den saks skyld...
Visitten varte og rakk den , eg klarte ikkje å bryte opp ,
måtte no både hente meg drikke og noko å bite i når eg var der..
Heilt utrulig mykje fint å sjå,
inspirasjon i bøtter og spann....
Var ikkje berre eit par med votta og lesta eg forelska meg i,
jammen bra at eg no endeleg har lært meg å strikke lesta og votta...
Ja eg skryt no over at eg endeleg har lært det,
men eg må no ærlig innrømme at eg knota litt når eg skal ta ut hjelpetråden og strikke tommelen.
Blir ikkje akkurat slik eg hadde tenkt meg ,
og så bruka eg så uhorveleg lang tid...
Men øvelse gjør mester, og rom ble ikke bygd på en dag,
så eg skal nok få det til ein vakker dag ;-)

lørdag 28. februar 2009

Kaldt og ssnø i dag igjen,
men pytt sann så lenge det ikkje lava ned i hauga og donga,
ja da skal no ikkje eg klage.
Er forresten berre 2 daga igjen til eg skal ha 3 veke ferie,
skal jammen bli godt ;-)


På mandag skal eg forresten bort til Doktor Dyregod med Ludvig....
Ludvig er eine katten min,
og no trenge dinna rakkaren da så sårt til ei barbering....
Ludvig lika ikkje å bli kjemba,
så da må han berre finne seg i å gå pelslaus og naken no ei stund framover...


Her har vi da Ludvig før barbering,
på mandagen skal det bli lagt ut bilder etter barbering ...
Det er berre å glede seg ;-)

fredag 27. februar 2009


Har sett litt i ufokorga mi, og til mi forundring så var det en del ting som allerede var så godt som ferdige,
mangla berre ein smule montering ;-)

Etter at eg fant mønsteret til dette søte settet i eit gammalt hjemmet utklipp, måtte eg berre hekle det...
Opprinnelig var dette settet rosa og kvitt,
men eg fant ut at eg heller ville prøve med desse fargane,
noko eg vart veldig fornøyd med.

Synes at effektgarnet vart veldig fint i lag med den lyse gule bunnfargen..

Dette må berre bli ferdig sånn at noken kan bruke det når sommaren nærma seg...






Måtte ut og ta bilder her eine dagen,regnet hølja ned, men eg syns no at det var fint likevel...
Ute på marka nedom her var det flust med ende som hadde slått seg ned .
Marka he vore heilt tilisa, men no når isen er vekk og det har regna i nokre daga,ja da vart det visst eit paradis for endene....


Stor var også mi forundring når eg såg at ei heile skråning ned i hagen min var heilt dekt med snøklokke...

Tenke seg til at noke so sjørt som dissa små snøklokkene hadde klart å presse seg opp gjennom den halveis frosne marka..

Er vel gjerne sterkare enn vi trur dissa nydelige blomstane ;-)

søndag 22. februar 2009

Dvale

Ikkje de heilt store som har skjedd på handarbeids fronten hos meg i det siste,
har i grunnen gått litt i dvale.
Skulle ha gjort så mykje , men det einaste eg har produsert er 2 par med lesta...
Ja og so må eg no ikkje gløyme at eg har strikka eit sjal ,
pluss at eg kopierte ei fine hue som Ingunn hadde...
Måtte berre sjå om eg klarte å strikke den..
Og forsyne meg så klarte eg det ,-)
Bilde kjem seinare

mandag 16. februar 2009

Skamma meg...


Egentlig så er det ei stor skamm at eg ikkje skrive inn på her oftare,
har i grunnen ikkje noka gode unnskyldning
kan i alle fall ikkje sei at eg ikkje har tid,

for det har eg i aller høgste grad ;-I
Har no i alle fall fått lagt bliggen under favoritta på maskina mi,
så da har eg den for handa heile tida.
Kan ikkje kome med den unnskyldninga at eg har gløymt passordet mitt heller,
for no er det blitt lagra på maskina ;-)
Egentlig så skal det no ikkje så mykje til for å hald ein blogg ved like,
men man får no litt prestasjonsangst når man ser alle dei flotte bloggane folk har.
Sånn var det i alle fall med meg i begynnelsen,
vart sittande å sjå på kor folk hadde pynta bloggane sine eg.
Gløymde nesten at eg var komt inn for å lese og kanskje få nokre handarbeidstips.
(Er sånne bloggar eg som oftast besøker nemmelig ;-)
I juletider var eg inne på sidenen til mange bloggara som hadde strikka all verden med ragga/sokka /strømpe,
satt her og misunte alle sammen,og syntes at dei var grådig flinke.
hadde sååå lyst til å strikke meg nokre sokka sjølv også...
Har prøvd nokre gonga å strikke meg sokka ,
men det har blitt full stopp når eg har komt til hælfellinga...
Satt no her og såg på alle lekkerheiten da,
syntes no i grunnen at det var heller forsmedelig at ikkje eg også skulle klare å få til nokre sånne flotte sokka..
Begynte å leite gjennom mønstrene mine,
det måtte no gå an å finne noke med ei hælfelling som også eg kunne klare...
Jauda , eg fant mønster,
men ikkje i mønster bunken min nei.....
På innsida av eit Fabel nøste fra Drops design,
der fant eg det eg leita etter...
Så da var det berre å sette i gong...
Vart fort ferdige med det første paret,
og dei etterfølgande para gikk også fort...
Så no sitte eg har da fryktelig stolte av alle dei flotte sokkane mine ;-)

Har forresten også klart å trylle fram 2 par med russelesta på denne tida,
noko som eg spesielt stolt over



onsdag 21. januar 2009

maskemarkøra

Tok meg ein tur bort i butikken her eine dagen for å kjøpe meg nokre maskemarkøra,
syntes i grunnen at dei var litt i dyraste laget , så det vart ikkje noko kjøp.
Tok meg heller ein tur heim att og fant fram perlesamlinga mi,
noko som resulterte i disse markørane her.
Minst like flotte som dei eg fant i butikken, men til en brøkdel av prisen ;-)
Posted by Picasa

lørdag 3. januar 2009

godt nytt år

godt nytt år alle sammen.....
I alle fall så håper jeg at det blir ett godt nytt år
kan i alle fall ikke bli verre enn det vi gjør det til...
Godt å vite at her starter vi alle sammen med blanke ark,
og at vi alle sammen har like muligheter til å lykkes
med våre drømmer og forsetter


Selv har jeg i alle fall store planer om å få denne siden opp å gå,
må bare finne ut hvordan jeg vil ha alt her...
Skal nok bli bra når jeg har fått alt sånn som jeg vil ha det .....

Dette året har jeg forresten planer om å strikke masse votter,
pulsvarmere og tøfler ,i all verdens varianter, det skal bli gøy ;