bakgrunn

torsdag 18. april 2013

Enda eit lite loppefunn ...


Har funnet 2 flotte puffer ,

som eg syntes fortente eit liv vidare.
Var ikkje noke gale med puffaen ,
anna enn at det stoffet som var på dei , ikkje var heilt min smak,
og så var dei fulle av skitne flekka.


Eg har no eit lite stofflager liggande på  hobbyrommet mitt,
så det var berre å finne fram det eg trengte for å redde puffane,
brette opp armane og begynne på forvandlinga .


Sidan eg skal ha puffane på hobbyrommet,
og mykje av det som er der ute er lilla og svart,
ja da var det ikkje vanskeleg å finne fargane eg ville ha .


Gikk i grunnen ganske så fort å sy ,
og begynne å feste på stoffet,
så eg var ferdig meg begge lokka og eine puffen på ei kjappheit


Gikk litt seinare med siste puffen ,
fordi stoffet var litt skeift,
noko som eg nok må ta på meg skylda for.
Gikk litt for fort i svingane med saksa,
nemmelig..
Men den vart no ferdige til slutt den også ..
Så no står dei der da flotte og fine,
og eg er strålandes fornøygde over resultatet enda ein gong.


No er det berre eit problem som gjenstår,
og det er i grunnne eit luksusproblem..
Eg klara ikkje heilt å bestemme meg  for fargekombinasjonen eg vil ha,
men det kjeme vel på plass det også etter kvart





tirsdag 12. mars 2013

" Nye " stolar

Som eg skreiv i går så skulle eg trekke om spisestuestolane min,
så i dag tidlig fikk eg ikkje sove 
fordi at eg tenkte på at eg måtte begynne på dissa stolane
Så eg forta meg opp for å begynne på dei

Kan no ikkje sei anna enn at det er no ein del arbeid å få 
"nye " stola.


alt det gamle stoffet  og det var litt av ein jobb.


Måtte no løyse på alle stiftane som var på sete og rygg på stolen,
og det var ikkje få .

Så var det å begynne å klippe til stoff,
og så stifte på nytt att,
og no begynte det å gå fort.


Gikk rett og slett i ei kjappheit å kle på stolane att,
og resultatet vart eg fornøygde med.


 Ogås dette stoffet har eg fått fra ein  "engel " av ein kollega,
eit deilig mjukt ullstoff .


mandag 11. mars 2013



Marius

Har kasta meg litt på Marius bølga eg også,
lenge etter alle andre,
men pytt sann , bedre seint enn aldri



Sjarmtrollet Edgar ,
måtte no sjølvsagt ha seg ei nye hue,
når no gamletanta først heiv seg rundt og strikka noko slikt

Strikka i Perfect på pinne nr 3,5 .


Reparering

I dag har eg hatt fri fra jobben , noke eg har nytt i fulle drag.
Fant ut at eg skulle prøve å redde ei stråkiste som eg fekk i julegave,
for nokre år sidan.


valdemar ( katten min ) har brukt kista som klorestativ i vinter,
og den såg alt anna enn fin ut.


Eg er veldig glad i kista , sidan eg har fått den av mi kjære søster,
så eg hadde ikkje hjerte til å kaste den .


Eg fikk noke stoff fra ein arbeidskollega for ei tid tilbake,
og no tenkte eg at det var på tide å begynne å bruke det


Var litt arbeid å få det fint , 
men eg er absolutt fornøygde med resultatet
  

Fikk litt blod på tann her, 
så no blir det spisestuestolane mine som skal få seg ei lita oppfriskning i den nærmaste framtid