bakgrunn

søndag 22. mars 2009

Fugl Føniks



Må no skrive nokre ord her om kor kjekt eg hadde det saman med ho Ella på fredag.
Veldig lenge sida Ella og eg har hatt oss ein slyngedag i lag,
så derfor vart denne dagen berre enda meir verdifull ;-)

Begynte dagen med litt sånn små slynging borte på Europris,
brukte looonge tid der inne...
Deretter so var det ein tur bort på Jysk,
der vart det prøvesitting og ligging av alt som kunne liggast og sittast i...
Etter all ligginga og sittinga var vi no ganske so slitne begge to,
(er no utrulig kor det teke på å sitte og ligge,)
so da fant vi ut at vi måtte på kafe..

Traska oss bort på Fugl Føniks,
Ella og eg lika oss kjempegodt der borte...
Ein plass der man virkelig kan slappe av og nyte livet,
ikkje noke stress når ein er der nei, da skal ein ha god tid ;-)
Satt der lenge og koste oss med god mat og drikke,
mens vi høyrde på kor folk kosa seg rundt oss;-)

Etter besøket på kaffi baren var det berre å fortsetet slyngerunda vår,
trur vi besøkte alle butikkane i Ørsta,
berre sånn for å ha gjort det .
Siste butikken varGlitter på Amfi,
da var både Ella og eg så slitne at vu fant ut at det beste var å traske oss heim att.
Vi orka rett og slett ikkje meir butikk gåing den dagen.
Koselig hadde vi hatt det begge to,
så eg håpa at det ikkje blir så alt for lenge til neste gong vi skal på slyng,
Ella og eg .





Ingen kommentarer: